NRF-dyr nr. 300 000 genotypa ved Skodje samdrift
Ved Skodje samdrift vart ein milepæl i NRF-avlen nådd i haust, då kvigekalven 1947 vart nr. 300 000 av genotypa NRF-dyr.
.jpg)
Samdriftsfjøset ligg fint til like ovanfor Skodje sentrum i Ålesund Kommune. Her er alle hodyra samla, medan oksane vert fôra opp i fleire fjøs hjå medlemmane.
.jpg)
GS- kaka.
At dette skulle skje i buskapen til Skodje samdrift er kanskje ikkje så rart, då dette er Sunnmøres største mjølkebuskap. Buskapen på 120 årskyr med middelavdrått på 9 500 kg EKM leverer årsleveransa på rundt ein million liter, slik kvotane er i dag.
Etablert i 2010
Skodje samdrift DA vart etablert med nytt fjøs i 2010. I utgangspunktet var dei fem, i dag er dei seks medlemmar. Desse er Petter Arne Ekroll (leiar), Halvar Skodje, Mikal Skodjereite, Andreas Stette Tennfjord (ny), Eirik Berg og Knut Skaar-Olsen. Taras Murenchenko frå Poltava i Ukraina er tilsett røktar på heiltid sidan 2018. Han er eit unikum og ein viktig brikke i drifta, skryter Petter Arne Ekroll.
Systematisk genotyping frå 2018
.jpg)
“Jubileumskalven” 1947, som vart NRF-dyr nr. 300 000 med GS-verdi! Ein litt bustete seks månader gamal kalv etter nyleg innsett frå beite. Kalven er etter 12362 Nodland-P med morfar 11813 Boerset som morfar. Kalven har moderate 22 i avlsverdi, ikkje heilt representativ avlsmessig då den er etter ei 7.kalvsku med avlsverdi 9, medan faren har 41 i avlsverdi.
Samdrifta starta med systematisk genotyping av kvigekalvane frå rundt 2018, så i dag har mest alle NRF-dyr i besetninga GS-verdiar, utanom fem kyr fødde i 2018. Ei 9.kalvsku etter 11048 Rønningen er den eldste i flokken, passert 84 000 liter i livstidsproduksjon.
Ein tredjedel REDX
Ifølge Petter Arne er dei ikkje spesielt avlsinterreserte, sånn utover det “normale”, og har sett vekk mykje av dette til avlsrådgivar. Avlsstrategien er grovt sett at det vert brukt ein tredjedel REDX, og resten ordinær NRFsæd og Aberdeen Angus, hovudsakleg BeefY (hanndyrseparert). Krysningane som vert fôra opp i fleire fjøs hjå deltakarane går til slakt med Angus-avtalen til Nortura.
Vil redusere bruken av ordinær sæd
.jpg)
Milepælen vart markert med kake ifrå Geno på fjøskontoret til samdrifta. Frå venstre Petter Arne Ekroll, Andreas Stette Tennfjord, Halvar Skodje, Mikal Skodjereite og røktar Taras Murenchenko.
Ein ser for seg å redusere ytterlegare delen av useparert NRF for å betre resultatet endå nokre hakk på både kjøttsida og kvaliteten av påsettet. Samstundes er det ein viktig balansegang å sikre nok påsett, og ei grei fordeling av dette gjennom året.
- Avlsstrategien med separert NRF på den beste delen av buskapen og bruk av kjøttfe på den svakaste delen verkar. Me får betre betalt for okseslakta, får redusert kvigepåsettet og kvaliteten på rekrutteringa har auka. Middel avlsverdi på kvigekalvane hittil i år ligg på 28 mot landsmiddel 18, seier Petter Arne.
Medlemmane er einige i at jura har vorte betre i perioda og at det er lengre mellom kyrne der mjølkeroboten slit med påsett. Lynne er også noko dei vil framheve, overgongen til mjølking for kvigene i dei to robotane går forbausande bra.
Avlen vert meir spennande
Avl vert meir spennande når ein opererer med auka sikkerheit i avlsverdiane og skapar med det forventningar. 15 kviger og kyr har over 40 i avlsverdi. Beste individ i buskapen er ein fire månader gamal kvigekalv med 55 i avlsverdi og 157 i mjølkeindeks. Den er etter 12387 Sandbu-P med 24063 Vesty som morfar.
Med dei nye GS-opprinnelsesmerka til kalv har arbeidet med testinga også vorte enklare, og dei meiner klart at kostnaden med genotyping er verdt pengane, og noko som dei vil rå også andre til å gjere for å auke avlsframgongen i besetninga.



2.png)